Gå til Wordpress-sida mi

 

 

 

indexbild

 

 

Velkomen til ei side om
html, web-estetikk og litt om meg

Velkomen til mi "første" heimeside. Eg er student ved Noroff Instituttet i Bergen, kor eg studerar Multimediedesign. Denne sida er første oppgåva vi fekk i andre semester første året, og den første sida eg har laga frå bunnen av sidan eg var kvisete fjortis. Poenget med å lage denne sida er å i gong med koding av HTML og CSS og å lære seg det grunnleggande i Dreamweaver; med andre ord få litt background knowledge om eit felt mange designarar velg bort, nemleg koding.

Vi tek fatt på historia til HTML og CSS koding; dernest vil eg forsøke å fortelje litt om kva eg meiner er god og dårleg webdesign; og til sist kan eg kanskje legge litt ut i det smale og det breie om kva eg har av erfaring med koding og webdesign frå før. Spennande med andre ord!

No er det på tide du tar deg ein snus, ein kopp kaffi og set deg godt til rette og nyyyyt sida mi!

Eller nei! Herreguuud! Eg kan jo kanskje fortelje litt om legguten (layouten) for sida mi, og litt om korleis eg har brukt bilete for å gjere sida til det den har vorte.

Det siste året har eg bestemd meg for å kjøre på med dei tinga eg er opptatt av i augneblinken, det har då vorte mykje fokus på det handlaga, det tegna, etc. Som websidekonsept er ikkje skrivemaskin-og-ark-med-kontorrekvisita-rundt noko barriærebrytande opplegg, men det var kanskje ikkje hovudmotivasjonen heller i dette tilfellet. Eg ville safe litt på designsida slik at eg kunne konsentrere meg mest om kodinga og den biten der.